S og F Sparebank




jubileumsprodukt-web
August 2010 September 2010 Oktober 2010
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30
facebook
Dette blei ein folkefest - igjen!

Dronning Sonja kjemH.M.Dronning Sonja sitt besøk i Florø blei den folkefesten dei største optimistar kunne håpe på, med god hjelp av vergudane.

Mellom 2 og 3000 menneske fylte opp torget til festen der, og elles hadde Sonja eit tettpakka program der ho møtte gamle og unge, kystkulturen og oljenæringa. Sjå hundrevis av bilde på Firdaposten, Floranett og Nrk-Sogn og Fjordane!
Sjå linkar nedanfor:

Les meir
 
Fjordsteam blei ein kjempesuksess
www.ds-stavenes.noDet blei tidenes veteranbåtsamling i Florø under Fjordsteam 5.-8.august, og ein folkefest for tusenvis av menneske. Over 40 båtar fylte hamna, det doble av det arrangørane våga å håpe på i starten. I tillegg sette 200 veteranbilar, bussar og brannbilar sitt preg på byen. Det var eit yrande folkeliv i strålande ver, flott stemning på torgdagen og publikum "slåst" for å bli med veteranbåtane på turar denne helga. Eit nytt flott jubileumsarrangement. 
Les meir
 
Kostymeball i oktober

Siste laurdagen i oktober må folk leite framatt kostymane frå kostymeopptoget 16. mai - eller finne noko anna som kan passe. Då slår vi til med kostymeball! Alle blir inviterte til eit strålande fest på Flora Samfunnshus - der oppfinnsomheita ikkje kjenner nokon grenser.

Les meir